Denne framtida verkar ikkje spesielt lys. Normalt klarer eg å snu all motgang eg møter til noko positivt, eg klarer alltid å tenke "det kunne vert verre" og finne noko ironisk i negative situasjonar som eg klarer å rote meg opp i. Men no er det ikkje ein normal "eit augneblink som vil passere " situasjon. Eg har mista all kreativitet.
Eg får framleis
Eg føler berre at kreativiteten min har forlatt meg. Eg føler at alle idear eg har kjem frå nokon andre. Eg kan fototeorien, ja, men det er ikkje nok om eg skal få gode bilete. Eg veit korleis ein skal bruke lyset for å få fram uttrykk i bileta sine, men eg overtenkjer det. Eg klarer ikkje å berre sjå lyset, plassere modellen og ta biletet. Det kan også vere at grunnen til at eg ikkje klarer det er fordi eg ikkje kjenner nokon som vil vere modell for meg.
Eg gjer mitt beste for å planleggje fotograferingar i studio, men når eg kjem opp dit, så blir eg heilt blank, eller så klarer eg ikkje å få forklart modellen kva eg ynskjer, og då blir modellen, sjølv sagt, litt utolmodig etterkvart.
Om eg planlegg utandørs fotograferingar, så er eg altfor sjeldent heldig med lyset på modellen, og når eg ikkje planlegg det, men vel å fotografere utifrå godt ver, så har eg ikkje tilgang til nokon som ynskjer eller har tolmod til å stå modell.
Ellers så trur eg at eg har brukt opp landskap, arkitektur og plante kvota mi, no byrjer det å virke som om eg har tatt dei same bileta tusen gongar før, og igjen misser eg all sjølvtillit når det kjem til kreativiteten.
Om du har teke deg tid til å lese dette innlegget, så vil du kanskje tenkje at den påstanden eg kom med tidligare om at eg er optimistisk i dei fleste situasjonar som eg rotar meg opp i ikkje er heilt sann. Men eg må innrømme at eg ikkje er så negativ innan fotograferinga, til trass den dårlege motivasjonen eg har for tida.
Når eg ser eit godt fotografi, så blir eg glad. Eg får sjå noko eg aldri ville fått sett med mindre det vart fotografert, og det er det som appellerar så sterkt til meg. Det at alt auget kan sjå, men kkje berre det, kan fangast i eit nkelt bilete. Det som blir sagt om at eit bilete fortel meir enn tusen ord er for meg heilt sant. Eg elsker det å kunne bli fortald ei historie om noko eller nokon gjennom eit så enkelt medium. Det er ingen komplikasjonar med det.
Ein god fotograf i
Eg hatar meg sjølv for det, men, sjølv om eg blir glad for det eg ser,så blir eg sjalu og samstundes sint på meg sjølv fordi eg veit, innerst inne, at eg aldri vil klare å oppnå noko så bra som andre kvar gong eg ser eit fotografi som er kreativt eller får fram det det skal formidle på ein sterk måte. Og eg kan ikkje fordra den kjenslen. Det beviser berre at eg ikkje fortjener å bli ein god fotograf.
Eg vil fotografere den verklegheita vi er omringa av. Kjærleik, fattigdom, rikdom, familie, vennskap, alt som er. Men fyrst og fremst vil eg fotografere dei kjenslene eg sjølv har. Det eg frykter, det som gjer meg glad, trist, sint, men eg klarer det ikkje. Eg klarer berre uoriginale bilete som sikkert er attspeilingar av nokon andre sine fotografi.
Eg har søkt på kunsthøgskolen i bergen, men eg trur ikkje at portfolien min er sterk nok til at eg skal klare å komme inn. Og eg har ikkje ein gong råd til fotofagskulen. Men eg vil fortsette å søke til eg kjem inn på ein skule som kan lære meg å fotografere, men det eg trur eg virkelig treng for å bli ein betre fotograf er ei breiare livserfaring.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar