torsdag 24. november 2011

fredag 25. juni 2010

tirsdag 4. mai 2010

Til mi kjære søster

Den dagen alle kontinent skjelv. Når sovande vulkanar vaknar til live og røykskyene stig. Når havet svelgjer hamnene. Orkanane kastar landejorda over fjelltoppane. Når sola ein dag brenn ut.

Allt lys er teke. Elektrisiteten er borte og den dagen er det alle stjernene på himmelen vil være klarast. Når alt anna lys er borte, så vil dei framleis skine over alt anna.

Du vil fortsette å skine som ei stjerne.

Lag på lag

Moneyflow














Forever burning

lørdag 24. april 2010

Lite motivasjon

Nesten heile livet har eg drøymd om å kunne bli fotograf og leve av det, men når eg prøver å sjå for meg framtida mi no, ser eg ei mørk gate i eit fattig strøk og meg sjølv aleine i rennesteinen under ei enslig veilykt der lyset blafrar av og på fordi kommunen ikkje ser nødvendigheit i å koste på seg noko lykt i eit så falleferdig strøk.

Denne framtida verkar ikkje spesielt lys. Normalt klarer eg å snu all motgang eg møter til noko positivt, eg klarer alltid å tenke "det kunne vert verre" og finne noko ironisk i negative situasjonar som eg klarer å rote meg opp i. Men no er det ikkje ein normal "eit augneblink som vil passere " situasjon. Eg har mista all kreativitet.

Eg får framleis mykje glede ut av det å fotografere. Der er ikkje problemet. Eg elsker det å kunne sjå korleis lyset påverkar omgivnadane runt meg, korleis ein enkel solstråle som bryt gjennom skyene kan gjere ein grå og trist deg til noko heilt nytt. Eg elsker å kunne sjå alle dei små detaljane ein kan finne i andletet til eit menneske, i ei plante, i vatnet, i fjella. For meg er det dette som gjer livet vakkert. Det å kunne finne dei små feila ved noko som på avstande er vakkert, gjer det berre vakrare. Det å finne mønster og symbol eller bilete i noko, som ei plante som liknar eit monster.

Eg føler berre at kreativiteten min har forlatt meg. Eg føler at alle idear eg har kjem frå nokon andre. Eg kan fototeorien, ja, men det er ikkje nok om eg skal få gode bilete. Eg veit korleis ein skal bruke lyset for å få fram uttrykk i bileta sine, men eg overtenkjer det. Eg klarer ikkje å berre sjå lyset, plassere modellen og ta biletet. Det kan også vere at grunnen til at eg ikkje klarer det er fordi eg ikkje kjenner nokon som vil vere modell for meg.

Eg gjer mitt beste for å planleggje fotograferingar i studio, men når eg kjem opp dit, så blir eg heilt blank, eller så klarer eg ikkje å få forklart modellen kva eg ynskjer, og då blir modellen, sjølv sagt, litt utolmodig etterkvart.

Om eg planlegg utandørs fotograferingar, så er eg altfor sjeldent heldig med lyset på modellen, og når eg ikkje planlegg det, men vel å fotografere utifrå godt ver, så har eg ikkje tilgang til nokon som ynskjer eller har tolmod til å stå modell.

Ellers så trur eg at eg har brukt opp landskap, arkitektur og plante kvota mi, no byrjer det å virke som om eg har tatt dei same bileta tusen gongar før, og igjen misser eg all sjølvtillit når det kjem til kreativiteten.

Om du har teke deg tid til å lese dette innlegget, så vil du kanskje tenkje at den påstanden eg kom med tidligare om at eg er optimistisk i dei fleste situasjonar som eg rotar meg opp i ikkje er heilt sann. Men eg må innrømme at eg ikkje er så negativ innan fotograferinga, til trass den dårlege motivasjonen eg har for tida.

Når eg ser eit godt fotografi, så blir eg glad. Eg får sjå noko eg aldri ville fått sett med mindre det vart fotografert, og det er det som appellerar så sterkt til meg. Det at alt auget kan sjå, men kkje berre det, kan fangast i eit nkelt bilete. Det som blir sagt om at eit bilete fortel meir enn tusen ord er for meg heilt sant. Eg elsker det å kunne bli fortald ei historie om noko eller nokon gjennom eit så enkelt medium. Det er ingen komplikasjonar med det.

Ein god fotograf i mine auge er ein som klarer å fortelje den historia eller få fram det han ynskjer å vise på ein slik måte at biletet kan vekkje ein følelse hos mottakaren. Om det er nyfikne, aggresjon, sorg, glede, avsky, sinne, om det vekkjer fantasiane til live eller andre kjensler, det spelar inga rolle. For meg er fotografiet ein måte å få fram kjensler på. Problemet er at eg klarer nesten berre å ta bilete som skal skape ro. Idylliske naturfotografi og stille vatn er det som går igjen heile tida. Det gjer meg trist at eg ikkje klarer å få fram noko meir. Eg klarer aldri å ta dei bileta eg virkelig ynskjer å ta.

Eg hatar meg sjølv for det, men, sjølv om eg blir glad for det eg ser,så blir eg sjalu og samstundes sint på meg sjølv fordi eg veit, innerst inne, at eg aldri vil klare å oppnå noko så bra som andre kvar gong eg ser eit fotografi som er kreativt eller får fram det det skal formidle på ein sterk måte. Og eg kan ikkje fordra den kjenslen. Det beviser berre at eg ikkje fortjener å bli ein god fotograf.

Eg vil fotografere den verklegheita vi er omringa av. Kjærleik, fattigdom, rikdom, familie, vennskap, alt som er. Men fyrst og fremst vil eg fotografere dei kjenslene eg sjølv har. Det eg frykter, det som gjer meg glad, trist, sint, men eg klarer det ikkje. Eg klarer berre uoriginale bilete som sikkert er attspeilingar av nokon andre sine fotografi.

Eg har søkt på kunsthøgskolen i bergen, men eg trur ikkje at portfolien min er sterk nok til at eg skal klare å komme inn. Og eg har ikkje ein gong råd til fotofagskulen. Men eg vil fortsette å søke til eg kjem inn på ein skule som kan lære meg å fotografere, men det eg trur eg virkelig treng for å bli ein betre fotograf er ei breiare livserfaring.

mandag 22. mars 2010