mandag 22. mars 2010

onsdag 17. mars 2010

Bilete før og etter photoshop

Dette biletet tok eg i studio forige mandag. Eg har lyssett håret hennar med ein spot og frontlyset er ein kvit paraply og ein gull/sølv reflektor for lettare opplysing på motsettside.
Dette fyrste biletet har ikkje blitt etterbehandla.








































Eksprimentering med lyssetjing i studio

Dette biletet tok eg medan eg holdt på å fotografere nokre klede og produkt i fotostudio ein dag, og vart ferdig litt før det eg rekna med, så eg valde å prøve å gjere noko kreativt med det eg hadde til rådigheit, Eg tykkjer det minner litt om gresk kunst. :D

















Dette tok eg samme dag som eg tok biletet over. har prøvde eg å få fram eit litt meir metallisk uttrykk.

onsdag 10. mars 2010

Føler at dette er heilt uttørka utval av bilete

Ingen av desse bileta har hilst på Photoshop enda, så dette er originalfiler.

Eit itt meir eksprimentelt bilete tatt i studio. Her har eg prøvd meg fram på å kunne bruke lyset til å få fram skuggar og samstundes lyssette litt framfrå for at det ikkje skulle bli for mørkt. Eg er ikkje heilt nøgd med sjølve biletet, men eg vil gjerne jobbe vidare med sjølve idèen for å sjå kva eg kan komme fram til.

















Dette er eit litt meir reelt bilete, der eg fyrst og fremst fotograferte morgonsola på fjellet, men også viterstemninga, der ein kan sjå spor etter rev, antagelig frå natta før, dei små tretoppane som strekk seg ut av snøven og dybda i landskapet.












Dette biletet er også tatt på fjellet, men med eit heilt anna formål. Her ville eg heller få fram kontrastane i lyset, dette prøvde eg å framhve med ei svart/kvit effekt, og for å få toppen på biletet litt mørkare, så haldt eg eit par solbriller som var sota oppe og blenr nede framfor. Dette var mykje tidligare på dag enn det forige biletet, og eg kunne derfor ikkje basere kontrastane og stemninga i biletet så mykje på sollyset, sidan sola enda ikkje hadde nådd fjelltoppane.












I dette biletet låg det ein litt djupare tanke bak enn det tekniske. Sjølv ser eg på benken som noko der to personar kan site saman, utan nokon bakjymringar, eller ein stad der nokon tar ei pause før livet går vidare. Her er det ingen spor til eller frå benken, og treda lener seg over den, skjuler den. Sjølv fekk eg ein følelse av at på dette punktet, der benken står, står tida stille.


















Eg måtte berre ta dette biletet fordi det såg ut som om fuglen tenkte utrulig hardt på noko, og eg vil gjette meg til at den vurderte om den skulle hoppe frå pinnen eller ikkje.

















Her er eit bilete av Ørsta sett frå melshornet på nattetid. Biletet var veldig vansklig å ta fordi vinden var utrulig sterk, og eg måtte bruke ein isbelagt stein som stativ for å kunne ha så lang lukkar som mogleg.












Eg liker veldig godt lyset i ansiktet, auga og håret hennar på dette biletet, men eg er ikkje like nøgd med bakgrunnen, som desverre ikkje var til å unngå om eg skulle få lyset slik eg ville ha det.

















Her er det same motivet, med lik lyssetting, berre tatt i ein ny vinkel. Eg er ikkje like nøgd med korleis uttrykket og lyset til dette biletet vart, sjølv om bakgrunnen er betre.

















Når eg tok dette biletet, så prøvde eg den eksterne blitsen min for fyrste gong, og var usikker på instillingane. Difor vart ikkje jenta så opplyst som eg ville at ho skulle bli, men eg klarte i det minste å få skin i auga hennar og uskarp bakgrunn ved hjelp av blendaren og zoomen.
Eg liker veldig godt uttrykket hennar, det at ho ser overaska ut medan ho ser op mot lyset.


















Eg er veldig glad i snølandskap, og dette er eit av mange eg tok på fjellet denne dagen. her prøvde eg å få bilete av mønsteret i skyene samstundes someg ville få fram spora i skibakken og ho som står på snowboard lenger nede.

















Dette er dei fyrste snowboardbileta eg har tatt, så eg var ganske usikker på lyset når eg tok desse bileta, og som ein sikkert ser, så vart det eine overeksponert, medan det andre er litt undereksponert, men ellers er eg ganske nøgd med utsnitta og den enkle komponeringa deira.



















Dette biletet liker eg veldig godt på grunn av dei sterke fargane, den vesle flammen i bakgrunnen og det klare, mørke lyset i biletet.

















Eg er veldig glad i bilete med kun ei lyskjelde, om det er portrett, stilleben eller landskap. Dette er ikkje blant dei beste eksempla på denne fototeknikken, men eg skal i studio om ei veke, og då vil eg ta nye bilete som illustrerar kva eg meiner(eg har allereide ein god del portrett med kun ei lyskjelde, men desse er eit år gamle, og eg vil byrje på blanke ark og legge ut kun nye bilete i denne bloggen).

















Dette biletet måtte eg vente lenge for å få.